Ola i svingen Til grenda

Den første fortellingen · 2022

Girlander

Lytt til kapittel 1 → Lytt til kapittel 2 →

Det lyse i stille grendi
men ikkji alle stan

han ola oppi svingen
tenne kun lys
der han treng å sjå

treng kji sjå så mykjy
det vesle han eig
veit’n ko står hen

held se mest før se sjøl
han ola oppi svingen

driv med gris
småskalaproduksjon
ein gris

har eigen villa
einebolig
eit rom

plass te både
kjøkkenbenk
og ein sovesofa der

væle rundt
pressa seg inn i
FM-mottaker’n
på benken
P4 og Vallers radio
gjer eit
balansert bilde
tå
nyheiti og kultur
frå det store
inn- og utland

ved sia tå radio’n
står
meddagsservis
asjetta
koppa
glas
og bestikk

te ein person

behovsstyrt oppvask

mat på bordet
fleire gongi
i viku

kaffe
drikk’en berre
når’n æ vakin

det går mot jul

snø’n ha slutta blåse
inn på gølvet
ette’n kjøpte
tetningslist
rundt ytterdøre

gøtt og varmt
inne no
kan søva utta luve

han ola ligg stire opp i
himlinge
ser tre tegnestifti
på rekke og rad
helvan meter mellom dei

tre tegnestifti som
gjer feste før
varme tanka
eit varmt hjarta
og varme julekvelda
som
klyppe ein lang vinter i to

heile året klora stifto seg fast
oppundi åsstokken

der stunda dei på
adventstide
då dei
endå ein gong
ska bli te nytte

han Ola veit
ko som venta
julestemninge
kjem sigan

gjer se i veg bortåt
det rosemåla hjørneskåpet

øvst på skåpet står
med sirleg skrift
anno 1842

lyt ta ein titt
neri skoasken han har gøymt
på øvste hylla

der
undi ei nålpute
nokon glansbildo
to dorullnissa
og ei valnøtt
med sytrådhempe

finn ‘en det han
ser ette

grønn og raud
metallik-folie
lag på lag
i ein bunke

flatpakka roso
rein magi
i himlinge fins stifti
å henge det i

som ein sommarfuggel
som spring ut
tå puppa si
folda seg ut
i all si prakt
synlig berre ein gong
i året

han ola
han ola
har girlander
girlander har’n ola

han plukka
girlander-puppa
førsiktigt opp
og legg ho
på kjøkkenbordet

i mørgo æ det
fysste desember
då kjem’en
sander

henge opp girlander
æ tomanns-arbeid

ein mann
med vengespenn
på snaue to meter

kan ikkji

falde ut
tre og ein helv meter med
girlander
åleine

treng hjølp

han sander kjem ette
fjøsstellet

han ola
hadde siste fjøsstellet
i går

grisen tok ansvar
det bli ribbe
med svidd svor
på julebordet
i år med

han sander
sku ta med eigen kopp
og talik

i mørgo
når girlander´n
heng i to tunge bøga
over eit overdådigt
matbord

då ska dei prate
om alt som
ikkji skjedde
i året som gjekk

eta så det knasa

synge ein julesang
dei har gløymt
andre verset på

og så ska dei skåle
før alt dei slapp
å tenke på

meir trengst ikkji
syns’n ola

Slutt på «Girlander»

← Tilbake til grendaTil toppen ↑