2024
Vente i håpet
Kapittel 10 · Te han som ikkji veit
nedpå sletta
klær ho marit se
te kveldstur’n sin
Vis hele tekstenVis mindre
vil gå den vante runda
men i kveld vil ho gjera
ein liten omveg
no vil ho gjera noko
ho har tenkt på lengi
ho vil gå innom
ein nabo
og berre slå tå ein prat
det æ vørte altfør
sjelda
at’n gjer det
ho legg iveg
oppover grende
te ho kjem te
ei grind
noko tå gjeLe
står på halv skakke
ho øpna grinde
går inn og bortåt
utdøre
ska te å banke på
stoppa…
tenke…
bli i tvil…
mista motet…
i stella tek ho fram
frå lomma si
ei liten mjuk pakke
i gråpapir
på ein liten lapp skriv ho
med ynskje om ei varm jul
te: han som ikkji veit
ifrå: ho som ikkji tøLe
ho legg pakka
på trammen
også gjer ho resten
tå kveldsrunda si
det æ vørte mørgo
å’n ola sit
med kaffekoppen
mens valdres radio
pressa ein
altfør kveik masurka
ut over eter’n
i fanget sitt har’n ola
eit sundreve gråpapir
og ei raud strikkaluve
med bustut dusk
han ola æ ganske bustut
sjøl med
ette å ha kleidd se
i skallin
heilt sea’n fann
denna pakka på trammen
då’n sku ut å
be hanin
ti stille
luva virka god og varm
og på tur’n ned ta postkassa
denna dagen
bli skyggeluva
bytt ut
med ei lite før stor
strikka nisseluve
nedve postkassa
møte’n på ho marit
heilt tilfeldigt…
han står undi bjørke
i raud luve
stire i bakkin
sparka i snø og småstein
si hei
le ho få ta posten
fysst
fiska opp
laurdagsvallersen
or postkassa
i det han høre ho marit si
så fin luve du har fått de
han ola snur se
ser på ho marit
kjenne at’n går
i eitt med luva
stotra fram eit slags
t-takk
bli ståan lenger
enn vanleg
og følgje med på
bakendin hennes marit
der ho går heimover
i all si velsigna prakt…
og denna dagen bli
fysste gongen han ola
går heile bakkin heimatt
med bytomsteg
det ska bli ei god jul…
…og te sommar’n
ska gjeLe rettast opp att
tenke’n ola