Ola i svingen Til grenda

2025

Julegåvo

Kapittel 15 · Bøgasage hass Ola

4 min 10 sek

ette bomtur´n
nepå vangen
syns´n ola det
æ gøtt å koma se
oppi skålin sin att
ein tur

Vis hele tekstenVis mindre

der har´n alt som ska te
før å laga gåvo
både te den eine
og den andre

ikkji trur´n at
ho marit hadde vørte så
fryktele overbegeistra
før å få undertøy
i bevernylon hell

det va kji berre prisen
som hadde fått´n ola
te rulle med augo
og rømme kleskroken
på samvirkelaget

verken bever enn nylon
æ det fysste han ola tenke på
når´n dagdrøyme
om ho marit

nei
då æ det heilt andre
sysla som romstera
i fantasien

han tenke på
den store fristelsen

grunn te at eit kvinnfølk
kan lokke ein mann
ut i uførstand

fristelsen som
ingen mann kan stå imot

god mat

magin æ nemmaste nabo
te hjarta

hjarta bor
så å si
vegg i vegg med magin

han vil laga noko
te ho marit
som han veit ho bli sæl før

og som kan koma
han sjøl te gode med

han går baka skålin
og henta fram
det som æ att
tå juletreet frå i fjor

tek det med inn
og legg det på
sagakrakken

så hekta´n bøgasage
ned tå ein rusta spiker
på veggen

Musikk: Bøgasage hass ola

Neste kapittel →← Tilbake til grenda← Forrige kapittel