Ola i svingen Til grenda

2023

Turu og lengsel

Kapittel 4 · Turu har’n Ola laga

3 min 38 sek

han kakka to gongi
på snusask-løket
og legg innpå ein
raus porsjon
nemme nerelepin

Vis hele tekstenVis mindre

han Sander vil ha samtala inn
på rett spår att
så´n nevne
ein del hendinga

som ikkji har skjedd
i året som har gått

og dei skåla før det

så syng dei
det dei hugsa
tå ein julesang

tek kji lang tid

så skåla dei før
før alt
dei slepp å tenke på

og tenke at
ingenting vanta dei

rettigt nok hadde det
spøkt lengi før
kortreist juleribbe i år
fjoråret hadde vørte runda tå
med siste svineskrøtten frå eige fjøs

i år vart redningen
eit villsvin som hadde førvilla seg
over svenskegrensa
sett kompasskurs oppi svingen
og møtt skjebna si
i form tå eit par velretta
muskedunder-ladninga

tomhylso
hadde´n ola plukka med seg

kunne koma te nytte seinar
og
svenskeribba krasa like gøtt
som all anna svidd svor

det har være eit gøtt år

hausten va fin
vatnet fraus ikkji før
14 oktober

økonomisk har det vøre
eit høgkonjunktur-år

han Ola fekk att på skatten
nok te ein snus-ask

han Sander fekk
ei verpehøne i baksmell

den høna måtte
skattefuten hente sjøl

vinterveden hadde dei
fått inn i god tid
fyringsklar med
28% fuktigheit

alt går – berre du har nok tyri
vart dei enige om

så bli det stille
mens begge tøme kaffe på skåle
før å få ein sup
med passele lonk

han Sander stire på´n Ola
han Ola har léte augo ta se med
på ei reise ut kjøkkenglase

detta har´n Sander lagt merke te
at skjedde stadigt oftare

han bli kji heilt klok på ko det æ
men han har kji sagt noko

vil kji spørja før mykjy

med eitt reise han Ola seg frå stol´n
tek sikte på utdøre
og rusla se ein tur borti skålin

ette eit par supa te med kaffe
høre´n Sander at det går i gangen
og han Ola kjem inn att
med eit eit mystisk glimt
i augo
og begge hendo bakom ryggen

han Sander svara vengstre
då´n får velja hånd

det skullen´n ikkji gjort

men han får eit nytt forsøk
og denna gongen
er det full klaff

han Ola gjer ein
David Copperfield-aktig
bevegels
med høgre armen
og, på magisk vis
kjem eit føredla stykkjy
med øvste delen
tå ei grånstamme syne

fri før børk
kvaelaus og finpuusa
med lengde på snaue helvmeter´n
i eine endin står att
någre cm
tå det som ha vøre
fem kvista øvst på stamma

han Ola har lagt tima
og daga
med arbeid i produksjon tå
umisteleg kjøkkenreidskap

ein reidskap med tradisjona

berekraftig og uslitelig

like god i suppegryta
som i storkjelen
når lang dovremakko
ska kokas

han Ola har laga turu

turu har´n Ola laga

Neste kapittel →← Tilbake til grenda← Forrige kapittel