2023
Turu og lengsel
Kapittel 5 · Heilt tilfeldigt nepå vegen
detta er ingen
IKEA-visp
som ryk på midten
om´n sku råke på
ein ukseknoke
når det ska rørast i krafte
nei, detta æ kvalitetsverktøy
te robust bondekjøken
Vis hele tekstenVis mindre
svanemerka og sertifisert
tå´n Ola sjøl
kortreist og arbidsfør
turu slek berre han Ola
kan gjera
det æ ei Ola-turu
dena legg´en i nevin på´n Sander
håpa´n bli førnøygd med gåva
og ynskjy´n god jul
han Sander dreg håndbaken
raskt over eine auga
så over det andre
han ser i gølvet og takka
gjer´n han Ola ein juleklaps på åksle
og legg i veg på skarin heimover
han Ola bli ståan i glase og stire
han ser postkassestativet der´n står
veit at posten pla på koma nemmar fire
men æ alder noko spent på ko´n får
æ som regel ingen som skriv brev te´n
siste gongen va eit kort som va sendt feil
æ nok heilt andre håp som røre ved´n
gamle drauma som ligg bunta i ein kveil
snart bli det ein tur nepå vegen
neåt postkassa må´n når posten kjem
og då lyt´n vara vasskjemba på håret
og då lyt´n nok ha storskjurta si på
så lyt boksesælo henge nedpå på låret
så lyt skjyggluva sita lett på skrå
der kjem postmann
og då veit´n ko som venta
det æ ei te som har kasse nemme han
det æ ho Marit bortpå Sletta – denna jenta
som har sett seg fast i huggu på ein mann
han kan sjå frå der han står i kjøkenglase
nepå Sletta der ho milde Marit bur
og så fort´n ser ho gå så set´n nase
beint mot døre si og rusla seg ein tur
så går´n heilt tilfeldigt nepå vegen
å ved postkassa ser´n ho Marit kjem
det æ deffør han æ vasskjemba på håret
det æ deffør han har storskjurta si på
det æ deffør boksesælo heng på låret
det æ deffør skjyggluva sit på skrå
så møtes dei og ho si hei –
han Ola stire ned
med hendatn i lomma
står´n med ryggen mot eit tre
men så gløyme´n det han skulle si
ho ser på´n…
før ho stryk førbi
får prøve att i mørgo då
sama plass og sama tid
då med
går´n Ola heilt tilfeldigt nepå vegen
neåt postkassa
der ho Marit kjem
og det æ deffør han æ
vasskjemba på håret…
der bli´n ståan lure på
ja han Ola lure så
Ja, han lure så…
på koss det vøre feira jul
med ein arm å ligge på…