Ola i svingen Til grenda

2023

Turu og lengsel

Kapittel 3 · Betlehems gøtt og blanda englekor

3 min 20 sek

det lyse i stille grendi
te og med hjå´n Ola oppi Svingen
lyse det i år

Vis hele tekstenVis mindre

han Ola oppi Svingen
har tent talglyse han fekk
te jul i fjor

han fekk det tå´n Sander

ja plutsele så va´n der
ein tur te
sjøl om dei alt hadde hengt opp
girlander

girlander

ein grønn og raud
metallik-folie-girlander
som føvandla grese lafta
husmannsstugu
om
te kongele ballsal

girlander

den hadde han Ola
å´n Sander
hengt opp i år med
kveld´n den fysste desember
slek dei pla på

med det sama
har to dorullengla
og ein vattnisse
fått ei framskøtin plassering
på borde
der julestallen står

der sit ho Maria
med oransje broderitråd-sveis

ho sit på ei helvt valnøttskall

han Josef har sama hårfarga
men noko stuttar tråa
og hårfestet
har krøpe gøtt bakover
i retning nakkin

men eit frodigt skjegg
med sama let

dét har´n

begge to stire ned i
skuffen tå ein
Nitedals fyrstikkask
der jesusbarnet
har fønne roe

endeleg

det har vøre eit renn
heile dagen
tå

kongle-saua med fyrstikkføta

meir enn mindre vise kara
i cellofan-kledning

gjetara med piperensar-stava

før ikkji å prate om
eit vederstyggele svært kor
med dorullengla

kor-dirigenten
er lett få auga på

han ruva i terrenget

han Ola køsta på ein skrøtt
tå lambi turkerull-kjerne
då´n designa den kunstneriske leder´n
før betlehems gøtt og blanda englekor

han Sander hadde
endå ein gong
lagt go´ord før dagen

ved synet tå

betlehems-tablået hass Ola

men han kunne
hella ikkji i år
leta vara å nevne
vattnissin spesielt før´n Ola

han syns denna nisse-hasin
hella borde fått ein æreskvist
borti juletreet
istan før å trakte ette
prisen før beste mannlige hovedrolle
i julespelet

ette slek faglig ubegrunna kritikk
surna´n Ola ei stund

men så bli han å´n Sander enige om
å legge kulturelle
preferanso te sies
og hella rette fokus mot
alt som førena dei

nissin bli uansett sitan, han
slek´en pla

i passiar med to betutta engla
som
ette følkepraten å dømme
ikkji har
den rette vokale pondusen
te å få vara med i
betlehems gøtt og blanda englekor

det æ ingen følkerett
å synge i kor
føkynne han ola
med ein klang tå utestemme
i det øvre registeret

…og ikkji æ det ein englerett hella
følgje´n opp

Neste kapittel →← Tilbake til grenda← Forrige kapittel · Girlander, kapittel 2