Ola i svingen Til grenda

2024

Vente i håpet

Kapittel 7 · Så nemme, så langt undå

2 min 37 sek

i stella hadde’n vørte
ståan innundi bjørke
rett ved postkassestativet
og stire i bakkin

Vis hele tekstenVis mindre

på sama kvadratmeter’n
som i går
og føredagen
og dagen før der

va vørte bært der no
hadde sparka i snø’n
te’n va kome gøtt
nepå grusen

hadde mumla eit «hei»
og kviska eit «hadet»

fiska opp vallers gluggen
or kassa
før’n retta på skyggeluva
og seig heimover…

ho marit
står og ser på se sjøl
i spilen uti gangen

har akkurat vøre borti
postkassa og henta
regninga og reklame

møtte på’n Ola
i dag med

kor dag

snodigt at dei støtt
går på einan

han æ ein slags raring
si ikkji stort

men han virka te vara
nevaklok og arbeidsom

ho marit har sett
at det æ ryddigt
på tunet hass ola

når ho
heilt tilfeldigt
går førbi
på kveldstur’n sin

deffør skjøna ho ikkji helt
koffør gjerdet
bakom huset og låvin
hass ola
fremdeles ligg flatt
ette ein tøff
fjordårsvinter

han har då hatt heile
sommar’n
på å fikse det…

han ola
henge tå se skyggluva
på elggeviret
uti gangen

går innpå kjøkkenet
og set over kaffen

ser pappasken som
står på bordet

han veit ko som æ
oppi der

girlander
vattnisse
dorullengla

ska te å øpne asken…
ombestemme se

set se på ein
taburett
og stire ut
gjennom glaset

ser ned på sletta
det lyse i stuguglase
hennes marit

sjuarma stake
i ei flat pyramide

innafør skimta’n ola
at det brenn i peisen

og i lyset frå varmin
kan ‘en sjå
ein skugge
to ho som vogga
stilt
att og fram
i ein gyngestol

han ola drøyme se bort
og bli varm om hjarta

der
gjennom to glasruto
og med nokon fåe metra
imellom

ser han alt
han ynskje se

så nemma
men
så førferdele langt undå…

Neste kapittel →← Tilbake til grenda← Forrige kapittel