2024
Ventetide
Kapittel 11 · Der og då, her og no
det æ advent
å´n ola sit og venta
Vis hele tekstenVis mindre
han har lese skriften
så han veit ko advent betyr
å vente på det store
som ska skje
han ola har virkele true
på at det store ska skje
deffør sit´n på ein krakk
bortved glase
og stire på stjerna
som heng på himmelen
og blenke klårar
enn alle dei andre
han sit å venta
han ola æ vand ved
å vente
han kan det å vente
han har venta heile livet
så han finn ro
i det å vente
ro
og stillheit
som her og no
her og no
stillheit og ro
han bli døsig
tanka set se
på ei rosa sky
og dreg bakover i tid
augo bli tunge
pusten bli roligar
dagen i dag
får bleikare fargo
på veg inn i eit anna liv
her og no
byte plass
med der og då
draumen får overtaket
han kjenne ein anna
varme i huset
lufte tå mjøl på tung takke
og med eitt står ho der
ho mor
med førkle
knytt i livet
og grønt
rutut skaut
baka
steike
vaska
pynta
han kjenne ho ruska´n i håret
på tur mellom
oppvask
takke
og bakarøvdn
i gangen høre´n tunge steg
lyden tå fjøsstøvla
som bli sett bakom døre
ein som nynna deilig er jorden
på inn- og utpust
han ola kjenne
sterke neva
som tek tak i´n
og løfta´n opp på eit fang
velkjend luft
tå pipetobakk
krøter
og mjølkespann
han bli børe
på ein sterk arm
uti stugu
der står treet
høgreist
eit grønt og
glitranes tre
god dag
ujavnt bekvista
men javnt pynta
med lys
glitter
norske flagg
raude kulo
og ein standhaftig nisse
som klora se fast
te stamma
mens dorullengelen
ser på´n
med eit skrått blikk
han ola bli sett
varsomt
ned på gølvet
ser undi treet
og der
ikledd gråpapir
og eit raudt band
med sløyfe
ligg starten på
den lengste tide
den virkelige
ventetide
tide frå no
og fram te
at julegåva kan
avdukast
eit langt år
pressa inn
i nokon fåe tima
med dagslys
dei ska
bade
pynte se
gå i kjørkja
ein tur innom
ho bestemor
på kvileheimen
heimatt
eftagskvile
så kjem familien
julemeddag
føréta se
må vente med
dessert og kaffe
øpne pakka mens mø venta!?
ånei!!
maten må synke
så kaffe
dessert
og kaker
mykjy kaker
sju slag
smaka på alle
sjokoladetebrøo
va gode i år
steikt dei før lengi..?
nei, nei
akkurat passe
riskrem
enn
møltekrem
gøtt mølteår i år
vil hella ha riskrem
jordebær-
enn bringebærsaus?
begge æ heimlaga
trur jammen e
førét me att
han far må ha ein
liten sofastrekk
så
endeleg
alle dreg stolat´n
med seg
og laga sine eigne
stripo
i sprøkke furugølv
kor sine stiga
på oppdagelsesferd
bortåt treet
ein og ein
ska få
julegåva si
pakke opp
ei om gongen
alle lyt sjå
ko alle får
takke pent
gje ekstra god klem
te ho bestemor
ei om gongen…
til mor i huset
til onkel terje
til bestemor
til tante anna
til…
til…
til…
så…
gråpapir
raud sløyfe
til ola…
bank
bank
bank
Ska te å pakke opp…
bank
bank
bank
draumen sleppe taket
seila iveg
bakover
dit ingen kan nå
der og då
bli te
her og no
…og inn kjem´n
sander
ja plutsele
så va´n der
vil berre innom
med ei julehelsing
han ola tek imot
den vesle runde boksen
som æ pakka inn
i gåvepapiret
han sjøl brukte
på gåva hass sander
i fjor
han sander får att
sama eins
tå´n ola
takka i hånde
øpna gåvo synkront
si
å du skulle då ikkji..!!
øpna løket
på to heilt like
julehelsinga
og legg innpå
kor sin pris
ynskje god jul
så går´n sander
han ola dreg krakken
bortåt glase att
set se te å sjå
prøva finn att stjerna
og den får´n auga på
han bli tankefull…
heng ikkji
den blankaste
tå alle stjerno
rett over taket hennes marit..?