Ola i svingen Til grenda

2024

Vente i håpet

Kapittel 6 · Ko æ det du stire på?

3 min 25 sek

det æ kji så mange daga te jul no
han Ola står
og ser på se sjøl
i spilen uti gangen

Vis hele tekstenVis mindre

i frå kjøkkennet høre’n
julemusikk med FM-støy

æ kji så mange som har det
no lenger
men valdres radio levera
julekveldsvisa slek julekveldsvisa
ska høres ut
innpakka i rause lag
med kvit støy

kvit støy

ikkji som lyden tå snøen
som fell i meiningslause mengdo

kvit støy

ikkji som ei seierstale ette
det amerikanske valget

neida

nei, kvit støy
lik den han ola høre
inni huggu sitt

det susa i skallin
når det æ heilt stille i huset

det æ ofte stille i huset

altfør ofte
altfør stille

før det meste

han ola bli ståan
i spilen
ser på han som kope på’n

«ko æ det du stire på»?
spør’n

får ingen svar

stire tebake
granska

vørte tynnar i hyssingen
men æ ikkji hårsår

nokon strålo med levd liv
rundt augo
som’en håpa varma

ei dobbelthoko
som’n ikkji ser

har gøymt den bak
eit skjegg
grått
men ganske tøft

har sett verre kara
som har nokon å
å dele
radiobingo-kveldat’n med

det æ meir uvande kara
som har fått det te

som har fønne se ei…
…enn ein…

spela ingen rolle
goe følk – æ goe følk

han ola bli endå ståan i spilen

han kom akkurat innatt

har vøre neri postkassa

høgdepunktet på dagen

han passa på å gå
når han ser døre på nabogard’n
går opp

då veit’n at’n
kjem nedåt postkassa
heilt likt med ho marit
om’n går med
bytomsteg
den nedste delen tå bakkin

det stemte i dag med

og det æ deffør han æ
vasskjemba på håret

og det æ deffør han har
storskjurta si på

det æ deffør bokseselo
heng på låret

og det æ deffør han hadde
skyggeluva lite på skrå

han hadde planlagt alt’n sku
si

skulle smile te ho
kanskje gje ho eit lite blunk

sneie
heilt tilfeldigt
borti ho
når dei sikta se innåt
kor si grønne
blekpostkasse

berre si omførladels
og sjå at ho rødma
lite grann

ta eit steg te sides
vise med ein
elegant håndbevegels
at ho sku få finne
posten sin fysst

spørja koss det stod te
og om dyrlegen hadde
fått sett te ho dagros

og om det gjekk bra
med kelven

legge ei letta hånd
på åksle hennes
når ho kunne førtelja
at alt va bra

skulle høre om ho ville
koma på ein kaffekopp
ein kveld

berre om det passa
altså

så sku’n stryke ho lett
over korsryggen
når dei sa
ha det
og gjekk kor te sitt

Neste kapittel →← Tilbake til grenda← Forrige kapittel · Turu og lengsel, kapittel 5