2025
Julegåvo
Kapittel 14 · Prislappen
neste kritiske punkt
på reisa nedover
æ gunnlaug-svingen
Vis hele tekstenVis mindre
den fekk navnet sitt
ette at lærerinda i bygde
kjørde tå der
tre gongi sama dagen
det æ smal veg
og du veit alder
når han even urmaker
dukka opp
i gullfarga simca
med firehjulssladd
det går bra
denna gongen
og dei held farten oppe
dei nærma se vangen
i det dei tek att
ein blå hi-ace
han ola veit at
denna må dei førbi
om det ikkji ska bli
full stopp
dei legg se ut
opp på sida tå hi-ace´n
vinka te toyota rytter´n
og æ i gøtt driv førbi
då
ser dei det blinka
i gull og ekstralys
det æ urmaker´n
som har terga turtallet
på simca´n
gøtt førbi anbefalt nivå
og æ på tur rett imot´n
sander å´n ola
her står det om liv
det æ berre ein ting å gjera
hælatn i bakkin
hi-ace´n sig opp på sida tå kjølkin
og førbi
han ola røkk så vidt
å hekte tøget på kjølkin
innpå toyota-hengarfeste
og der
passera simca´n
i lokal overlydsfart
så
bli alt stille
ei ny ro
no æ dei sikra
skyss heilt te samvirkelaget
sjøl om dei kjem fram
fire minutt seinar
enn dei hadde tenkt
på samvirkelagstråppe
møte dei
som vanle
på´n lage
han lage æ opprinnelig
tå samisk herkomst
på følkemunne
bli´n berre kalla
same-lage på samvirkelaget
han lage
øpna døre før
karat´n
og vise vegen inn
med eit djupt bukk
og ein galant
håndbevegelse
dei bukka te takk
går inn
og kjenne blandingslufte tå
nykverna kaffe
kneipbrød
bevernylon og
miniski
han ola
notera se odøren
men tek målbevisst
retning mot
undertøysavdelinge
rett bortafør
snøskyfla
og juletreføta
kjem fram
titta på eitt og hint
ser på prislappen
får hokoslepp
anna farge i kjako
og mista diksjon