2025
Julegåvo
Kapittel 16 · Den som heimgjord turu har
han sander får nå
berre meine
som´n vil
Vis hele tekstenVis mindre
sage æ nå såpass at
at´n ola får skøre
toppen tå
juletreet frå i fjor
inni den toppen
finns reiskap
som ikkji kan kjøpas
hjå samvirkelag
enn isenkram-krambu
det æ kun spørsmål
om tid og tolmodigheit
før juletre frå i fjor
bli te reiskap
som ska seta mat på bordet
i år
inna kvelden kjem
har´n ola gjort turu
turu har´n ola gjort
ingen stålvisp
gjer sama nytta
stålvispen spela
falske skarpe tono
i møte med jødngryta
treturu æ som
englekor
ei julenatt
han ola finn att
gråpapiret
som den raude strikkaluva
va pakka inn i i fjor
den som låg på
trammen hass
om mørgon
juleeftan
og som´n ola har brukt
eit heilt år på å
spekulere på kem
som hadde lagt der
han byna føle se sikker
på kem det va
han har dreve etterforskning
elimineringsmetoden
han har gått igjennom
heile lista med naboa
det æ fem stykkjo
fire kara
også ho marit nepå sletta
han æ i ferd med
å finne svaret
på gåta
det bli kveld
det mørkna
han ola står i glaset å stire
han stire nedpå sletta
der ho marit bur
røyk opp frå pipa hennes
lysstjerne i glaset
skimta ho marit
i gyngestolen sin
med strikketøy mellom hendo
i år æ det´n ola
som ska få ei te å lure
han
går uti gangen
dreg på se utekleo
set kurs nedover
ned på sletta
øpna grinde hennes marit
førsiktigt
lista se stilt på tå
siste biten
bortåt tråppe
stega opp på fyste
tråppetrinnet
eit lite knirk
han stivna te
venta...
går heilt opp te døre
ska te å banke på
stoppa...
bli i tvil...
finn fram lappen
han har skreve
der det står
den som heimgjord turu har
råka hjarta te ein kar
helsing han som
går i ring
rundt graut
og sagakrakk
han legg frå se pakke og lapp
på tråppe
hennes marit
og småspring
med lette steg
mot grinde
han høre ikkji at
døre hennes marit
går opp bak´n
på tråppe står ei
med innpakka turu
i hendo
og ser ette han
med ei lite før stor
raud strikkaluve
som hoppa over grinde
og går med
bytomsteg
opp mot svingen...