Ola i svingen Til grenda

2025

Posten ska fram

Kapittel 18 · Marit, æ du i live!?

2 min 54 sek

han ola bli urolig
går eit par rundo
rundt se sjøl

Vis hele tekstenVis mindre

snur

og går sama
runda tebake att

dreg luva opp i panna
og kleia se oppi skallin
i ein og sama
bevegelsen

står å tenke
ei runde te

bestemme se

snur nasin
og resten tå skrøtten
i retning sletta

går med stutte subbesteg
prøvanes
usikker

hutra
men kjenne ikkji
at´n frys lenger

blodet pompa
ei stortromme
sler urytmisk
i hæsjpulsåra hass ola

kjennes som då
Biribakken spelte
stortromme i
17. maitoget
i Reinli

skapa frykt og uro

han nemma se grinde

tung grind
med hasp på begge sido

han tenke se om ein gong te
tek eit valg

to steg fart
og sprett over grinde
utta å vara
nomme nær ho

sea æ det berre
høge kne
og spisse ølbøga
synkront som ein hjulvisp
i overlydsfart
bortette
attsnøga grusveg

han pusta verken
inn enn ut før
han sklir inn på
det nedste trinnet
på trestegs-tråppe
hennes marit

klyv opp
alle tre stego
riv opp døre
hoppa over dørstokken
med kongsbergknekk
og landa med
perfekt nedsalg
midt på kjellarlemmen
henes marit
og skrik

MARIT, æ du i live!?

heilt stille

han ser ingenting
han har gått frå førstand

mista vetet

og no æ´n vørte blind med

skrik ein gong te

MARIT

så kjenne´n ei hånd
oppå huggu

den hånde tek tak i dusken
på den raude nisseluva
og dreg ho rett opp

fram kjem
ein sveitt skalle
ein nase med
drøpe som
snart sleppe taket

og to strie augo

han ola står fortsatt
i perfekt
telemarknedslag
gjer se ei runde
i sama posisjon

får auga på
bestefarklukke
bakstefjøl
kjevle
taggerulle
takke
mjøl

og ho marit
ho… marit…
lys levandes
i ei drakt med stutte arma
eit kvitt knesidt førkle
nokon mjølrima krøllo
stikk ut frå
eit raudrutut hugguplagg
med ein knute i nakkin

ho ser på´n
han stire tebake

bli varig at´n fremdeles
står i telemarknedslag

reise se stille opp
tek ikkji blikket frå ho marit

heilt stille
kun lyden tå bestefarklukka
som telle ned te jul

Neste kapittel →← Tilbake til grenda← Forrige kapittel