Ola i svingen Til grenda

2025

Posten ska fram

Kapittel 19 · Tung – lett – lett

2 min 47 sek

det begyna te rykke
i munnvike hennes marit

Vis hele tekstenVis mindre

han ola blonka
tre gongi

og ein gong te

ho marit flir´n ola luva
han set ho på se
men tek ho tå att
med ein gong

kjenne at
det koka nok
i toppen som det gjer

eit nytt rykk
i munnvike

tre nye tikk takk
frå bestefarklukka
før ho sler 12 slag

men dei slago æ det
ingen som høre

før no brest demningen
før ho marit

lattern velta ut
som ein tsunami
tå ukontrolert glede
og vantru

ho skrata se tvikrokut
held se te panna
sler se på låret
trør i gølvet
som sprang ho om kapp
med den den vonde
utta å fløta seg

må ta se ei pause
før å få att tevin

ser på´n ola

nisseluve
raud i skallin
drøpe undi nasin
kvitfrøsne øyro
som skjerma på ein gråtass
kulrunde augo

å dermed så
set ho marit i gang
med ei ny latterkule

no har´n ola
kome lite grann
te se sjøl att

så han med
bli med på
latter-dansen

dei går i ring
rundt einan
og skrata se
frå sans og samling

då kjenne han ola
at ho marit legg
armatn på ekslo
has ola

han ola har gløymt
ko blug han æ
og legg armatn sine
rundt livet
hennes marit

slek førvandla
ukontrollert latter se
te noko som
minna om ein dans
ein slags vals

tung – lett – lett
tung – lett – lett

der´n ola æ den tunge
og ho marit
den lette…

slek fortsett dei
te ho marit stire opp
på´n ola og si…

va du redd det hadde
hendt me noko..?

han ola stivna te
sleppe taket rund ho marit
kjenne hæsjen raudna
og at det sprett fram
ei sveitteperle
i tinninge

hendt..?
he… he… he… hendt..?
nei, nei…

e ville berre…
berre…
koma bort med… med… posten
posten ja!
koma bort med posten!

veit du har mykjy…
å gjera te jul
så e tenkte
det va gøtt før de…
å sleppe å flyge ette posten i dag

å, så snill du æ
si ho marit
å greie så vidt
å gøyme eit lite flir

ho retta fram to henda
og får eit tomt blikk
te svar

hæh..?
si´n ola

posten
si ho marit

hæh..?
posten..?
han ola kjenne ette
i innapålomma
og i baklommo sine…

så bli´n
heilt stille
og stire i bakkin

Neste kapittel →← Tilbake til grenda← Forrige kapittel