Ola i svingen Til grenda

2025

Posten ska fram

Kapittel 20 · Vil du vara jenta mi?

3 min 31 sek

det va visst ikkji posten
det va berre at…
berre at…
du kom ikkji te postkassa
slek du bruka
stod å venta
og venta
du kom ikkji
har alder vøre slek
e fraus
slo floke
gjekk i ring
skjønte ikkji...

Vis hele tekstenVis mindre

visste ikkji...

tenkte kanskje at...

glatt på isen
døtte tråppe
brøte åv…

ho marit legg
i varsom hånd over
munn hass ola

så tek ho rundt´n
og gjer´n ein lang
og god klem

noko slek har´n ola
alder kjent før

han bli mjuk og varm
som leire i hendo
på ho marit

vil alder at ho ska sleppe

og med eitt
kjem alt

tanka han har børe på

tima i glase heime
med utsikt nedpå sletta
te ho marit

koss´n har gleda se te
kort einaste møte
ved postkassa

så vanskeleg
det æ å prate
om anna enn
grisepass og gjerdestølpa

ko fin ho marit æ

om tandemsykkel´n
han kjøpte tå ho
inga – utta å få avslag

han har
te og med
sete heilt sea
jul i fjor
å prøvd å skrive eit
dikt te ho marit

vil ho høre..?

ho marit smile
360 grader
klappa barnsle i hendo
og nikka
heilt te´n ola finn fram
ein rull med
velbrukt sandpapir

bakpå der
ser ho marit
blokkbokstava
overstrykinga
parangtesa
og ymse pili
som førtel at
eit ord ska fløtast
te ein anna plass
i den lyriske
samenhengen

han ola renska stemma
titta førsiktigt
bort på ho marit

ho nikka ein gong te

så set´n ola i gang.

det æ fint at sole skin
det æ bra at det gror
æ gøtt å kjenne vinden som svala
greit å ha ein kompis
som nesten æ ein bror
vanta berre ei – og e veit kohen ho bor

de´e ho som går med riva
de´e ho som æ så fin
e ser ho når e stire ut tå glaset
æ luftig som ein engel
og skjurta æ tå lin
marit mi marit – hør på ko e si

vil du vara jenta mi

vil du vara jenta mi

då ska mø gå mellom somra og vår
også hausta mø det mø sår

det æ lett å stå å stire
det æ verre ta ein prat
då æ det som om tunga ligg att heime
tanka bli te luft
og bli borte i ein skrat
får kji fram eit ord men e meinte at e sa

vil du vara jenta mi…

hør det e ikkji kan si
sjå ko e tenke
dagen du sa du va mi
alt sku e skjenke de

om du va jenta mi

han ola ser på ho marit
ser to runde
blanke augo

ho si ingenting…

då veit´n ola
at dei tala sama språket…

Slutt på «Posten ska fram»

← Tilbake til grenda← Forrige kapittel