Ola i svingen Til grenda

2025

Posten ska fram

Kapittel 17 · Seks og eit halvt minutt

3 min 0 sek

Han ola æ på tur
neått postkassa

Vis hele tekstenVis mindre

det ha vørte mange blåe grader
men han ola held det blåe undå
med ei raud
god og varm
strikkalue

som ´en dreg gøtt
nedover øyro

lua hadde´n fønne
på tråppe si
juleftagsmørgo´n
i fjor

va pakka inn i gråpapir
også va det ein liten lapp
på pakka

det stod:

med ynskje om ei god og varm jul
te: han som ikkji veit
ifrå: ho som ikkji tøLe

ja, det sto det

HO
som ikkji tøLe

HO, stod det

han ola kjenne ´kji så mange
HO

den einaste han kjem på
æ ho mor

men ho slutta å strikke luvo
den dagen ho
rusla himmeltråppe

så ho æ det nok ikkji

Jau
også æ det ho Inga

ho som baka bollo
og smør sykkelkjedo
bortpå
Ingas Sport og Konditori

men han kan ikkji skjøne
at det at det kan vara ho

der har´n alder fått
så mykjy som ein femøring
i tåslag

ikkji eingong då`n
kjøpte to kanelsnurra,
tandemsykkel
og hemmock

i sommar

ikkji ein femøring…

det vart siste gongen han
kjøpte både etandes
og brukandes
hjå ho inga

han hadde førresten
tenkt å førtelja
ho inga
at det æ lite framfust
å kalle det konditori

så lengi ho berre
servera gjærbakst

nei…
det va nok ikkji ho inga
som hadde lagt
luva på trammen

han ola gjer eit
lynraskt
kvasirsøk
oppi skallin

før å hente fram
resten tå
damebekjentskapo sine

det går fort

loggen vise
eitt resultat

ho marit
ho marit nepå sletta

han kan ikkji skjøne anna
enn at det må vara
ho marit
som la pakke på trammen
hass ola

te jul i fjor

detta har´n tenkt på
kor einaste dag
i snart eit år

og no æ´n på tur
neått postkassa

stelle se opp undi treet
dreg strikkaluva
lite bære
over øyro
og tek te å vente på at
ho marit ska koma
slek ho har gjort
kor einaste dag
så lengi han ola
kan hugse

han spenne lite i bakkin
passa på at ingen ser´n
så sler´n lite floke

æ jammen kaldt

stire bort på sletta

røyken dansa
over pipa hennes marit
men ingen tegn te
at ho kjem ut på tråppe

han ola ser på klukka

Timex
med romertal
som lyse
når det bli mørkt
men æ mørke
når det æ lyst

god avtale
bærekraftigt

…men no æ det
seks og eit halvt
minutt
sea ho marit
sku vøre ved postkassa

det æ noko som ikkji stemme

Neste kapittel →← Tilbake til grenda← Julegåvo